Kunngjøring

Collapse
No announcement yet.

Vegen til snuppa vår

Collapse
X
 
  • Filter
  • Tid
  • Show
Clear All
new posts

  • Vegen til snuppa vår

    Me har prøvd å få barn sidan jula 2009. Strengt tatt så var ikkje fyrste halvåret så veldig aktiv prøving sidan mannen vekespendla for å gå på skule, men i frå hausten 2010 så har me prøvd aktiv. Nyttår 2011 så fekk me time hos gynekolog for å finne ut kvifor me ikkje vart gravide. Ingenting viste noko gale med verken mannen eller meg. Gynekologen gav meg resept på Pergo og ba meg prøve 3 kurer med det før me vart henvist til IVF.

    På 3. pergokur vart eg gravid. Tidleg UL viste eit lite knøtt med bankande hjarte. Einaste var at det var i minste laget. I veke 10-11 så fekk eg brunleg utflod og UL viste at knøttet var dødt og hadde vore dødt sidan veke 8-9. Det vart ein veldig nedtur for oss med mange tårer. Nokon måneder seinare vart testen positiv igjen. Denne gangen utan bruk av hormoner. Nok ein tidleg UL viste eit knøtt med bankande hjarte, men også denne gangen var det mindre enn det skulle ha vore. Ein ny UL to veker seinare viste at knøttet hadde dødd eit par dagar før. Me fekk tatt blodprøver for habituell abort, men dei viste ingenting galt.

    Kort tid etter var eg gravid igjen. Eg var trøytt som aldri før, og bekymra for om det kom til å gå godt denne gangen. Lettelsen var stor da fyrste tidleg UL viste eit levende knøtt i riktig storleik. Ny UL to veker etterpå viste eit knøtt som hadde vokst og med bankande hjarta. I veke 12 fekk me sjå ein bitteliten baby som hoppa rundt i magen. Endelig var det vår tur.

    Svangerskapet har gått veldig greit utan store plager. Eg var frykteleg trøytt og nervøs i starten så vart 40% sjukemeldt til veke 13. Etter det gjekk energien opp og utanom mindre plager så har graviditeten gått veldig fint.

    8.9 fekk eg antatt vannavgang klokka 05:30 på morgonen og eg fekk rier. Etter ein langdryg og treig fødsel så var snuppa klar for å kome ut. Hjartelyden gjekk ned og ho måtte ut i hu og hast. Den 9.9 klokka 17 kom snuppa til verden ved hjelp av sugekopp. Ho var litt medtatt, pusta litt dårleg, og var bleik og slapp. Etter litt vart ho rasande på å bli stukket i for å få veneflon og endra fort farge til rosa. Ho fekk eit lite opphald på nyfødtintensiven for observasjon og for å få antibiotika sidan eg fekk feber under fødselen.

    Nå er me heime og koser oss med snuppa. Ho har funnet ut av puppen etter litt startproblemer og har godt sovehjarta. Endelig er snuppa vår her


    2MA og 1SA

  • #2
    Sv: Vegen til snuppa vår

    for solskinnshistorie!
    Rocketrollet.2009.
    Bøllefrøet. 2011.
    Lille musen 2013.

    Comment

    Working...
    X